Handmurstein

Nederste muren på bildet syner mur med avdekning

Høgda varierer frå ca. 8 – 20 cm. Kan bruke handmur med liggeflate 25 – 30 cm. Ved smalare mur kan breidda på stein reduserast til eks. 20 cm. Muren kan monterast med betongkjerne.

Handmurstein er godt eigna til mindre hagemurar, støttemurar og forblending. Ein handbygd granittmur er eit vakkert innslag i einkvar hage!

8 – 20 cm. høgde
25 – 35 cm. liggeflate
750 kg pr m2.

Tosidig mur

Ønskjer du ein tosidig mur kan denne monterast med betongkjerne i midten.

Kan bruke avdekning av Førdegranitt.