Trapper

Du kan sjølv velje trinnlengde, med breidde 35 cm (råtrinn før legging). Standardhøgd 16 cm, andre høgder kan også leverast.

Trinn i massiv stein er ein rimeleg måte å bygge trapp på. Kan monterast på singel eller støypast fast.

Før montering må underlaget vere drenert og frostsikkert.

Trinna har saga eller flamma overflate som gir naturleg utsjånad og god sklisikring.

Repos, lange trinn og trinn for svingtrapp blir laga på bestilling.

Trapper kan også leverast prefabrikert som byggesett.

Vi tilbyr også forblending til feks. betongtrapp. Dette er eit godt alternativ til ei eksisterande trapp.