Om oss

Førde Granitt er i dag ei avdeling under Røyseth Maskin AS som i Desember 2014 kjøpte alle aksjane i selskapet. Sommaren 2015 vart Førde Granitt fusjonert inn i Røyseth Maskin AS.

Førde Granitt vart etablert i 2001 av gründer Øystein Menes og Rune Leirvåg med mål å verte ein solid og føretrekt produsent og leverandør av naturstein på Vestlandet.

Førde Granitt har arbeidd seg opp ein god ekspertise på produksjon og leveranse av naturstein. I form av både maskinmurstein, handmurstein, saga, meir bearbeidde produkt som forblending, trappetrinn, platebelegg og andre steinkreasjonar.

Vi produserer og leverer over heile landet til både store og små prosjekt, entreprenørar og private.

Alt dette med basis i vårt steinbrot på Reset i Førde der vi utvinn den karakteristiske Førdegranitten som er ein mørk øyegneis.

Førdegranitten har gode egenskapar som råstoff til produksjon av bygningsstein og murstein i alle former, med sine gode kløyvegenskapar og røffe uttrykk.

Vi produserer og leverer også dei fleste typar knuste massar frå vårt anlegg på Reset.

Sindre Rørstadbotnen

Sindre Rørstadbotnen

Driftsleiar/produksjon og salg