Røyseth Maskin AS

I desember 2014 kjøpte Røyseth Maskin AS alle aksjane i Førde Granitt AS. Vi er stolte over å ha tatt over ei tradisjonsrik bedrift med eit godt navn og rykte. Førdegranitten er eit ettertrakta og godt produkt som vi ynskjer at flest mogleg skal få nytte. Sommaren 2015 vart Røyseth Maskin AS og Førde Granitt AS samanslått. Førde Granitt vert no drive vidare som ei avdeling i Røyseth Maskin AS.

Utanom murstein kan vi levere sprengt fjell og alle typar knuste massar frå steinbrotet på Reset i Førde. Ta kontakt med oss for informasjon om produkt eller prisar.

Besøk heimesida til Røyseth Maskin